tirsdag 25. juni 2013

Thailandske tradisjoner for meg.


Er blant anna "offringa" av eit grisehaud kvar gang vi er heime i Nong Phue. Avgårde tidligt på morgonen, nesten med det samme det har lysnet, har også med eit fat med ris, 6? kokte egg og ein flaske med fanta og ein med Chang øl.

Det blir kappa av utvalgte biter av grisegaudet, øyre, snute, skinn etc som blir lagt opp i ein skål. Egga blir renska og resultatet blir nøye studert med mange kommentarer. Fantaen og Changen blir opna og det blir skjenka opp i eit par små glass.

I alle dei år sidan første gangen (2000) eg var i Nong Phue har det vøre samme mannen som har stått for denne sermonien, han har blitt eldre og eldre og meire "inntørka" og i år så var det ikkje han som var der, men ein ny som hadde overtatt. Min gamle "kompis" er framleis i live, men er som sagt blitt for gammal til denne jobben.

Dagens bilder er av dette "offer" huset på ein av mine og Sofies spaserturer i området.

torsdag 13. juni 2013

Deltok din oldemor i stemmerettskampen?

Her for nokre dager sidan la eg ut ein link på slektsforumet som førte til forskjellige underskriftslister i forbindelse med kvinnene sin kamp for stemmerett.

Det viser seg at denne saken er blitt mykje omtalt i media og i slektsforskermiljøet så eg legger ut denne linken her på bloggen min også, du finner artikkelen her

Skulle artikkelen og linken til denne forsvinne så kan du også gå direkte inn her så får du sjå desse listene.

Lykke til med jakta di :-)