tirsdag 19. februar 2013

Sogelaget for Hamnsund sokn, årsskrift 2012


Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 21 i rekken og det første som er innbundet i stive permer, noko som eg liker godt. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og heiter " Dagbok frå Søvikreit". Ole Magnus Johanssen Søvik (Søvikreit) skreiv dagbok frå 1915 til 1929 og her er det utdrag av denne i tida 1915 til 1921 og så får vi håpe at neste årsskrift vil gje oss fleire utdrag frå denne dagboka.

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av huset på Søvikreitane, det er truleg tatt i slutten av 1960 åra.

Ellers så har Asbjørn Schjelderup skrevet ein artikkel om forliset til MK "Anker" på Aktivneset i september 1932, den forsvant nesten sporlaust med 8 mann herifrå distriktet.

Det er også ein flott artikkel som omhandler kampen som måtte til for å overbevise postverket om at adressa her var Søvik og ikkje Syvikgrend. Det var Mary Flatset som sto for mykje av den kampen og artikkelen er skrevet av Per Hånes.

Ellers er det ein artikkel med oversikt over lærarpersonalet ved Søvik skule gjennom tidene. Var mange kjente navn som dukka opp der :-)

Videre er det ein artikkel om Reidar Uggedal som er skrevet av Oddvar Urkedal, konfirmant bildet dette året er frå 1972 og over tjue artikkler til vil du finne i denne utgava av årsskriftet.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

1 kommentar:

  1. Hei Ingmar!
    Lurer på hvordan eg kan kjöpe den?
    Tenkte på den som gave til hu mor.

    Hilsen Synnöve.

    SvarSlett