onsdag 27. juni 2012

Turen er over

Westway, Houston, Texas er der vi ligger no.

Som eg skreiv i eit innlegg når vi låg i Antwerpen for snart tre uker sidan
så hadde eg fått ein oppfordring om å skrive litt om turen vår over dammen
til Houston. Det har eg no gjort, faktisk så har eg greidd å skrive eit
innlegg kvar dag.

Ikkje så mykje som skjer på ein slik tur, men eg har prøvd å fortelle litt
om det daglige og eg håper at eg har fått formidla litt. Som dei fleste nok
forstår så er det ikkje noko særligt glamorøst å være sjømann, kun ein jobb
og ein jobb der man er langt vekke frå sine eigne i lange tider.

I går så kom vi fram og ankra kl. 07:40 for å vente på inspeksjonen ifrå
USCG sidan vi kom ifrå ein "Banned" havn (I løpet av dei fem siste havnene)
Dei skulle i utgangspunktet være her kl. 10:00, men vart forsenka og kom
ikkje før 11:00. Før dei rakk om bord så var det ein mann om bord i USCG
båten som vart lettare skadd og dei måtte gå i land med denne personen, alt
dette medan vi sto oppleina ved rekka ute i solskinnet med 36 grader i
skyggen. Denne gjengen kom då ikkje tilbake før kl. 13:00 og vi måtte stille
opp på samme måten i samme varmen. Når dei først kom seg om bord gjekk
sjekken ganske så kjapt så då var det berre å vente på losen.

Etter ein del om og men så dukka losen opp rundt 15:30 og vi starta på vår
tur opp i gjennom til Houston der vi var framme og ferdigt fortøyd ved
Westway rundt 22:00. Då var det berre å sette seg til å vente på
Immigration, der må alle stille for sjekk av pass og andre papirer. Og
immigration kom ikkje om bord før kl. 01:00 så det vart ein korte natt på
mange.

No ligger vi her og losser, masse folk om bord for å ta prøver av lasta,
søppelhentere og skipshandlere som skal levere fersk proviant så det er
rimeligt hektisk.

Og midt opp i det heile ligger det brått ein mail på pcen som forteller at
vi skal ha CDI inspeksjon på fredagen. Dette er ein av dei vanskeligaste
inspeksjonane vi har og vi må berre sei takk til kontoret i Bergen som er så
flinke til å informere oss om dette i god tid før dette skal foregå...

Og den som lurer på ka CDI står for så er det: Chemical Distribution
Institute".

Og været er bra, såpass at det er snakk om varmerekorder for juni månad (i
allefall siste 60-70 åra) 31 i vannet og oppimot 40 i lufta.

Dagens bilde viser skuta på vei oppover mot Westway, som dåkke ser så er det
ikkje rare plassen å boltre seg på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar