søndag 24. juni 2012

Siste søndagen i sjøen for denne gangen.

Og då vart det sjølvsagt drittvær, vind og sjø inn frå BB side så vi ruller
avgårde. Dette været ligger vistnok over heile området, heilt opp til
Houston så om det ikkje gjer seg til tirsdags morgonen så får vi nok ikkje
gå inn.

Og den "smartingen" som utsatte testen av alle nødstopper etc på utsida av
overbygninga til i dag skal bli bra forblåst og våt før han er ferdige :-)

I går ettermiddag. tidlig kveld fekk vi ein skikkelig regnbyge her, sikta
vart langt under hundre meter og havet vart piska kvitt, men som normalt med
slike byger så varte den ikkje meire enn ein 10 minutter så stakkarane som
var framme på midtskipet slapp å vente så altfor lenge før dei kom seg bak
igjen.

Temperaturen er på det jamne idag også, ca 30 grader i både luft og sjø.

Igår var det som kjent laurdag og øvelser om bord så dagens bilete er frå
testinga av vårt portable skumutstyr som vi gjorde bak på poppen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar