lørdag 23. juni 2012

Laurdag og øvelser igjen

Jepp, det er standard om ikkje andre ting blir prioritert høgre.

Dagens planer er livbåtdrill, branndrill med innlagt bruk av transportabelt
skumutstyr samt nokre runder med schooling i forskjelligt safety utstyr.

Som nevnt i går så passerte vi Bahamas i går kveld, gjekk inn i Providence
kanalen ut på kvelden og passerte "Hole in the wall" noko seinare. Gamle
navigatører veit nok ka eg skriv om her :-) Ikkje så mykje å sjå, det vart
noko grått og vått ut på kvelden. Vi skimta litt land og litt lys ifrå
øyane, men det som lyste mest var ein cruisebåt som gjekk forbi oss på vår
babord side. I grunna forbausande lite trafikk.

Dei mest ivrige fekk nok sendt og mottatt nokre Sms'er på vår ferd, eg sjølv
fyrte i gang mitt Kindle lesebrett med 3G og fekk i alle fall sjekka opp
nokre lokale fotballresultater.

Seint i kveld så passerer vi sør om Florida, Key West, så når vi vakner i
morra er vi inne i Gulfen.

Hmmm, det er visst St. Hans i dag, ikkje lett å få med seg slikt her ute på
havet...

Dagens værmelding er i ovekant av 30 grader i både sjø og luft, nesten like
fuktigt i lufta som i sjøen.

Dagens bilete er av skuta som passerte oss i går kveld, skorsteinsmerket var
eit anker med ein krone over og navnet på skuta er "Oasis of the Seas".
Bildet er tatt i skyminga med kraftig zoom (20 ganger) så kvaliteten er
langt ifrå bra :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar