fredag 2. mars 2012

Bygdebøkene for Skodje digitalisert.

Dette arbeidet er ifølge Bygdebladet (29.02.2012) i full sving, vistnok kun gjennomgang og eventuelle rettinger som gjenstår.

Desse to bøkene (Bygdebok for Skodje, Gard og Slekt, Band 1&2) kom ut i 1986 og er på omtrent 1700 sider tilsammen. Forfatter er Louis Giske, og det er Harald Vågane som no har skanna bøkene.

Om bøkene vil bli lagt ut på nettet når dei er ferdige veit eg ikkje, men i såfall kjem dei kanskje på heimesidene til Skodje Sogelag.

Eller kanskje her på Slekt1 der vi finner andre digitaliserte bøker for Møre og Romsdal.

Eg har høyrt at Vatne Sogelag også har lukta på å digitalisere Vatnebøkene, men det stranda på pengane, snakk om ein 70-80.000 kr. for å få dette gjort.

Veit også at det pågår arbeid med å digitalisere "Vigra-Slekter gjennom 500 år". Om nokon veit noko meire om dette siste prosjektet så gje meg eit ord.

Det er kjekt at fleire og fleire av desse "gamle" bygdebøkene kjem ut på nettet, det er omtrent umuligt å skaffe seg sine eigne eksemplar lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar