fredag 10. desember 2010

Exit Gulf of Aden for denne gang

Då var vi komt i gjennom GoA for denne gang, er nå komt opp i Raudehavet og
her er det straks litt fredligere og tryggere.

Det var igrunna ganske så fredeligt denne gangen, vi såg og haure ikkje så
mykje, kun ein episode der eit "liten" fiskebåt? ikkje svarte på anrop frå
eit par marinefartøy. Dei sendte då opp eit helikopter for å sjekke og det
flaug sjølvsagt over oss så eg fekk tatt eit bilde og det er også dagens
bilde i bloggen. Den observange leser vil sjølvsagt straks sjå hvilken
nasjon dette tilhøyrer.

Kan i alle fall straks sei at det ikkje er ifrå Norge, Norske myndigheiter
ser ikkje det store behovet ved å delta internasjonalt for å hjelpe til her
nede… Sjølv om dei no vistnok vurderer å sende ned ein fregatt igjen i 2012.

Det går ca 22 til 23000 skip i gjennom GoA kvart år, dvs meire enn 60 skip
dagligt. Det siste vellykka angrepet frå piratane skjedde for eit par dager
sidan, meire enn 2000 km frå Somalia og kun 550 km frå India, ein bulker frå
Bangladesh med 25 mann og ein kvinne om bord.
Dei var på tur frå Singapore til Hellas med nikkelmalm.

Akkurat no er det antagelig tryggere i GoA området enn nede i det Indiske
hav, men no når monsunen snur i januar så kjem nok pakket trekkandes hit opp
igjen.

For øyeblikket holder Somaliske pirater 22 skip med 521 mann/kvinner som
gisler og forhandler om løysepenger for å frigje desse.

Og store deler av verdenssamfunnet set på ræva og ser på dette uten å gjere
noko…

God helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar