tirsdag 20. juli 2010

Og sånn går no dagane.

Vi er no komt langt ned i Sør Atlanteren, nærmaste land for øyeblikket er
klippeøya St. Helena der den kjent keiseren Napoleon Bonaparte døde av
magekreft 5. mai 1821. Han var forøvrigt fødd i Ajaccio på Korsika 15.
august 1779.

Det er i dag 17 dager sidan vi gjekk i frå Freeport i Texas, og det er ennå
minst 8 dager til vi er framme i Richards Bay i Sør Afrika. Så det er ein
lange tur.

Været er blitt betre dei siste dagane etter ein litt rufsete uke, men tempen
er på full fart ned, for øyeblikket er det ikkje meire enn 24 grader i sjøen
og 26 i lufta. Om kveldane no så går tempen ned imot 20 grader så det er
snart på tide å sjå om det finnst langbukser i kleshaugen oppe på lugaren.

Ikkje så lenge før vi er nede på kystan av Sør Afrika og då kan vi risikere
litt av eit vær der ned, masse sjø og vind, er tross alt vinter på dei
kanter av verden.

Ønsker alle ein fortsatt fin sommer på den andre kanten av verda, om knappe
to uker så er eg nok der sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar