onsdag 3. mars 2010

Coatzacoalcos i Mexico

Då var vi komt dit, ein stille og fredlig reise oppover kysten frå Brasil,
men mykje arbeid så tida gjekk fort.

No på onsdagsmorgonen ligg vi til ankers her, kom i går, men for mykje vind
til å ta oss inn til kai, men noko er på gang no så i løpet av formiddagen
går vi nok inn. Beregna tid ved kai er ca 24 timer så vi regner med å komme
oss avgårde på torsdagen ein gang, skal forøvrigt ha to forskjellige kaier
så tida går ofte fort.

Ser at byen her har fått navnet frå elva Coatzacoalcos, tidligere heitte
byen Puerto Mexico. I gamle dager, med mindre skip, så gjekk vi ofte opp
denne elva til ein by lenger oppe som heiter Minatitlan, men det er mange år
sidan eg var der sist nå og ikkje trur eg at eg nokon gang kjem til å komme
dit igjen.

Ellers ikkje så mykje nytt herifrå, ingenting å ta bilder av heller her vi
ligger så det får være til neste gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar