onsdag 3. februar 2010

Morgon måne over Valderøya

Var så mykje snakk om stor og flott måne no på siste laurdagen. Eg såg no egentlig ikkje den store forskjellen eg ;-)


No i dag når vi var på veg til barnehagen så sa Sofie til meg: Pappa, sjå den fine månen. Og fin var den der den hang over Valderøya. Og atter ein gang tenkte eg: Kvifor har eg ikkje fotoapparatet liggande i bilen (Eller andre plasser der eg har bruk for det)


Så eg kom meg heimatte, fant fram fotoapparatet og gjekk opp på loftet der eg hadde fri sikt mot månen. Knipsa nokre bilete og plukka ut det beste som dåkke ser her på bloggen no. Ikkje den beste kvaliteten når ein måtte lene seg ut av vinduet og med 6 minusgrader, men det vart slik som det vart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar