torsdag 29. oktober 2009

Lasting av Molasse i Kunsan, Sør Korea

Dette vart ein lasting av gamlesorten, noko som vi sjeldant opplever no til
dags.

Laster ifrå tankbiler, tankbilane tapper lasta over i eit par "opne" tanker
på kaia, desse tankane er utstyrt med lause pumper som igjen er drevet av
eit elektrisk aggregat som også står der.

Man skulle tru at dette skulle gå sakte og det gjer det no også, men ein 100
tonn i timen er jo ikkje så verst, tok oss mellom 50 og 60 timer å få våre
5200 tonn ombord.

Molasse ja, kva er no det? Egentligt eit svart, skummande drittstoff, meir
eller mindre flytande sukker eller sirup...

Men då var vi ferdige her på østen, har no forlatt Korea, gått sør om Japan
og er no i ferd med å starte på storsirkelen over Stillehavet, forventa
ankomst Stockton, California ca 12 November if AGW & WP :-)

1 kommentar: