fredag 2. oktober 2009

DIS Chatten, meir enn berre slekt :-)



Eg nevnte i mitt siste innlegg Dischatten som ein plass der du kan få hjelp med slekt og det som høyrer til.

Har du problemer med tyding av ein kirkebokside så er dette rette plassen å prøve seg, nesten alltid nokon som er tilstades og vil hjelpe.

Er du på jakt etter andre opplysninger, hjelp til å leite etter slekt etc etc så får du hjelp til det også.

Står du fast med hensyn til kva du skal servere til middag så kan du også få gode råd om det også om du kjem innom, eller kva skal du gje til tante i 70 års presang ? Jauda, nokon kan svare på det også, her blir det ofte anbefalt å gje ein slektstavle - ferdigt utfylt med 10 generasjoner er no draumen då, men ikkje så lett å finne så mykje.

Alderssammensettinga på chatten er frå 15 år og oppover til langt etter oppnådd pensjonsalder så det er masse erfaring som kan finnast der.

(Edit: Synnøve har gjort meg oppmerksom på at vi har/har hatt deltagere ned til 11 år og det er heilt riktigt, faktisk min slekt i Sverige, beklager så mykje til mine Svenske venner og slekt)

Deltakerane på chatten kjem frå heile landet så geografiske spørsmål blir også besvart.

Ikkje for ingenting at vi av og til betegner chatten som Slekt og Svada, eller Matprat.

Som ein gammal maskinist så vil eg låne ut følgende uttrykk: For oss på chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lenger tid.

Kom innom og prøv sjølv, du er hjertligt velkommen.

Sidan det er lenge sidan eg har lagt ut noko bilde her så frisker eg opp dette blogginnlegget med eit bilde av ein nydelig rett som min Frue bruker å lage til meg, mykje reker, blekksprut, litt kjøtt, litt av diverse grønnsaker og chilli, det hender at denne blir litt sterk, men den smaker nydeligt.

2 kommentarer:

  1. Räknas inte vi? Det är Bjarte som har hunnit fylla 15 han var 14 för inte så länge sedan o då var han också på chaten. Vad vi vet så är det från 11 år o uppåt, om man inte räknar med glina.(Olivia på fasters dator)

    SvarSlett
  2. Jepp Synnøve, eg glemte mine Svenske venner og slektninger i denne anledning - Eg beklager så mykje.

    SvarSlett