tirsdag 7. april 2009

Raskatastrofa i Tafjord for 75 år sidan.

Tafjordulykka skjedde kl. 03:10 natt til 7. april 1934. Langhammaren som låg mellom Tafjord og Fjøra, 730 meter over havet, falt ned, skrubba med seg Heggura som låg under og tre millioner kubikkmeter med stein rasa ned i Tafjorden.

Her kjem eit par bilder av rasstaden tatt i 2008. Bilde er tatt ifrå stranda i Tafjord der alt vart rasert.


Og eit "nærbilde". Sjå i fjellsida ved siden av raset, der er eit par små hus i dag.


Dette danna flodbølger som var opp til 66 meter høye. Enkelte stader slo flodbølgen meir enn 200 meter innover land, mange plasser 16 -17 meter høge. Dei største materielle skadene vart gjort i Tafjord og Fjøra, men flodbølgen rulla også utover fjorden og gjorde skader både i Valldal, Osvika, Stranda og Geiranger. Heilt ut til Sjøholt vart det registrert skader på nausta i vannkanten.

Folket, iallefall dei i Fjøra kjente til denne fjellsprekken som utvida seg år for år heilt tilbake til 1870.

Totalt så omkom 40 mennesker i denne ulykka, 23 av desse budde i Tafjord, 17 stykker i Fjøra. Sidan det var mørkt og midt på natta så var det mange som ikkje visste kva som skjedde før vannet kom.

Ved ein sjekk i min database så finn eg ein person som omkom under denne katastrofen, ein 10 år gammal jente som var ifrå Osvik.

1 kommentar:

  1. Hei.
    Sitter og googler på Tafjord og kom over dine bilder.
    Flotte bilder.

    Hilsen Synnøve.

    SvarSlett