onsdag 12. april 2017

God påske frå oss i Søvika


Då var det den tida på året igjen, påske og tilhøyrande skitvær, iallefall i dag.

Men eg skal ikkje ut på ski så det blir nok mykje innepåske med god mat og ein dose med slektsforskning vil eg tru, ikkje usannsynligt at det vil dukke opp ein oppdatering av mine TNG sider også.

Ser at denne bloggen har nesten gått inn i dvale, mangler faktisk eit innlegg som eg trudde eg hadde lagt ut i juletider men men...

Ønsker alle ein fin påske, spesielt alle mine venner og kollegaer som feirer den ute til sjøs, langt frå sine kjære i land.

lørdag 31. desember 2016

Velkommen 2017 og Godt nytt år til alle frå Sofie, Rod og Ingmar





Vi vil ønske all familie, venner og kjente eit riktigt godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2016, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista kjente og kjære venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Det store med meg som skjedde i 2016 var at eg tok til fornufta og pensjonerte meg, ei besluttning eg ikkje har angra eit sekund på :-)

Så ennå ein gang: Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.

torsdag 22. desember 2016

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika


Då var atter ein jul komt over oss. Og i år feirast den heime. Første jula som pensjonist og det gir meirsmak :-) Etter nærmere 20 juler ute til sjøs siste 41 åra kjenner eg at det var nok.

Tenker litt på mine tidligere kollegaer som feirer jula langt vekke frå sine kjære, kan ofte bli ein litt melankolsk feiring, men dette er noko som man har valgt sjølv og då går det som oftast heilt greitt.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, mellom 3 og 10 grader pluss, masse vind og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i sjølv salta/tørka pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker, scallops og Thai mat samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

onsdag 14. desember 2016

Bygdebøkene for Hamnsund, Søvik, Gamlem, Terøy, Bjørnøy, Store Kalvøy og Torholmen er komt ut


Endelig så var dei her, smekkfulle av informasjon og flotte bilder.

På grunn av mengda av stoff måtte boka delast opp i to band der første bandet forteller om bygdene i fortid og nåtid, samt omhandler Hamnsundet og Søvik. I band to kjem gardane som ligger under Gamlem, Terøy, Bjørnøy, Store Kalvøy og Torholmen. Alle hus og husmannsplasser tatt med. Dei som har flytta ut og første generasjonen etter dei, er også tatt med. Personregister som inneholder rundt 9000 personer finst i band 2.

Forfatter av boka er Randi Ingunn Selnes og hun har som vanligt gjort ein kjempejobb, masse flotte bilder frå gammal og nyere tid. Mange av bilda er sånne som er samla inn og tatt vare på av Sogelaget for Hamnsundet. Medlemmer av sogelaget har også bidratt med arbeidet til å innhente personopplysninger.

Sett i frå ein slektsforsker sin plass så er det kun ein liten mangel ved boka og det er at det ikkje er datoer på personane i boka, kun årstall for fødd/død etc.

Bøkene selgast kun samla, pris 800,- er utgitt av Harambygdebok AS og er til salgs blant anna ved Bok og Papir i Brattvåg og Sparebanken Møre i Søvik.

Som dei sei i ein hærværende butikk - Løp å Kjøp. Tross alt ikkje meire enn 1000 eksemplar :-)

fredag 4. november 2016

onsdag 26. oktober 2016

Slektsforskerdagen 2016 i Ålesund


Då er vi komt til den siste laurdagen i oktober igjen og tradisjonen tro så arrangerast det slektsforskerdag denne dagen.

Og i vårt distrikt er arrangemanget som følger:


Lørdag 29. oktober, klokken 11.00–15.00 på Borgund videregående skole

Velkommen til en spennende dag med foredrag og mulighet til å få hjelp av erfarne slektsforskere.

Alt er gratis.

PROGRAM

Kl. 11.00: Vi åpner og ønsker de fremmøtte velkommen

Kl. 11.30: Slekt og Data Ålesund. Presentasjon av innhold på våre månedlige møter

Kl. 12.00: «Opp i halsen» ved Ragnar Albertsen
Hva pynta folk seg med i halsen når de skulle bli tatt bilde av?
En jubileumsmarkering for digitalisering av foto fra Fylkesfotoarkivet.
Det vil også bli en presentasjon av «DIS-gjengen» som har bidratt med utallige
dugnadstimer de siste 15 årene.

Kl. 13.00: Pause, mulighet for å kjøpe kaffe og noe å bite i.

Kl. 13.30: Hjelp til slektsforskning

Har du spørsmål? Kanskje kan vi hjelpe deg i gang, eller løse noen problemer du har møtt.

Det vil også være mulig å få demonstrert noen slektsprogram i praksis.


Og undertekna er ein av dei som skal vise fram slektsprogram, og det er vel inga bombe at det programmet er Legacy :-)

fredag 14. oktober 2016

Nye bygdebøker for Hamnsund, Søvik, Gamlem og øyane uttaføre


Den som venter lenge venter som regel ikkje forgjeves, sei eit gammalt jungelord :-)

Bygdebok forfatter Randi Ingunn Selnes la ut følgende melding på Slektsforumet i går:

Bygdebok for Haram, bind 2a og 2b, er lova ferdig fra trykkeriet i november. Dette skulle bli ei bok, men det vart så mye stoff at det måtte deles i to for å bli håndterlig. I 2a er det generell bygdehistorie om næringsliv, kulturliv osv. Dessuten finnes de to matrikkelgardene Hamnsund og Søvik her.

I 2b går vi rett på matrikkelgardene Gamlem, Gamlemshaug, Terøya, Torholmen, Bjørnøya og Store Kalvøya. Dessuten er det forklaringer osv., rettinger til b. 1 og et navneregister for både 2a og 2b på mellom 8 og 9000 navn. Bind 1 om Grytastranda med 9 matrikkelgarder kom i 2011.

Det er Haram Bygdebok AS, et selvstendig registrert foretak innen Haram kommune, som gir ut og selger bøkene. Mange har venta på bygdebøkene her, så kanskje jeg kan nå noen med disse opplysningene.


Vi takker for informasjonen og set oss ned og venter til dei er i salg :-)

onsdag 23. mars 2016

God påske alle sammen



Då vart det den tida igjen, påske og denne gangen feirast den heime :-)

Ikkje rare påskeværet foreløpigt, men som mei sei: Fint vær ute til å være inne :-)

Det spørst om det ikkje kjem ein ny oppgradering av min TNG slektsbase i løpet av påska, det kan du i såfall sjekke opp Her

I allefall ønsker eg alle kjente på sjøen og på land ein strålande påske.

torsdag 10. mars 2016

10.000 besøkende på mine TNG sider





Ja ha, i går skjedde det. Eg runda 10.000 besøkende på mine TNG sider som stort sett handler om slekta mi :-)

Det er no 3,5 år sidan eg la inn denne telleren på den sida så gjennomsnittligt har det vøre mellom 7 og 8 besøkande innom kvar dag. Og mange av desse har sendt meg kommentarer, oppdateringer og spørsmål om slekta, og det er no kjekt å få ein tilbakemelding på ka man har gjort :-)

Og for den som lurer på om dei finn nokre av sin egen slekt der så finner dåkke denne TNG sida her.

Det blir nok lenge til neste runde jubileum :-)

torsdag 31. desember 2015

Velkommen 2016 og Godt nytt år til alle.


Vil ønske all familie, venner og kjente eit riktigt godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2015, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Vil nok også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Så ennå ein gang Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.